I to månader framover går hurtigruteskipa inn til Urke.

– Dette er ei stor hending for bygda Urke med berre 53 innbyggarar, skriv Urke Utvikling i ei pressemelding.

Turistane kan velje mellom å rusle rundt i bygda, besøke Kaihuset kafé og pub – eller handle på Urke Landhandel.

Dei kan også melde seg på busstur til Øye og Norangsdalen, med mat på Hotel Union på Øye. Dei som vil ut til fots i naturen kan velje mellom to guida turar, ein let tur og ein litt meir krevjande.

Hjørundfjordheimen på fjorden: Eit sant eventyr!