– Statens vegvesen skal sikre eit fjellparti der det tidlegare har kome ned ein del stein på vegen. For å kunne reinske stein og sikre fjellet med boltar på ein trygg måte er det naudsynt å stenge vegen, opplyser Vegvesenet.

Her er fjellsida i Fjørå som skal sikrast. Foto: Kåre Berge / Statens vegvesen

Frå 26. september blir fylkesveg 92 stengt måndag til fredag på desse tidspunkta:

  • Klokka 0815-1130

  • Klokka 1200-1415

  • Klokka 1630-1900

– Naudetatane kan passere heile døgnet, opplyser Statens vegvesen.

Vegen er open for fri ferdsel frå fredag klokka 1900 til måndag 0815.

Sikringsarbeidet skal vere ferdig fredag 7. oktober.

Mykje regn løyste ut eit 60 meter breitt jordras over fylkesvegen mellom Valldal og Fjørå i 2012. Staden der Vegvesenet no skal sikre eit fjellparti er i same området. Foto: Sander Almstad