På vegen fekk dei auge på ein stor skapning nede i elva.

Victoria Hjelle og Oscar Mæland med laksen som dei fann og tok rett opp av elva ved Geiranger skule. Foto: Privat

– Det viste seg å vere ein daud villaks på 110 cm, og oppimot 12 kg, fortel Oscar Mæland og Victoria Hjelle til Sunnmørsposten.

Slikt hadde dei aldri høyrt om før.

Grei naturfaglærar

– I neste time hadde vi naturfag. Så då ville vi forske på korleis den såg ut inni, og kva den hadde ete, fortel dei to elevane.

Og naturfaglærar er visst både grei og veldig interessert i fisk. Så i timen vart fisken både sløyd og undersøkt, utan at dei fann noko mistenkeleg i laksens magesekk.

For å oppklare mysteriet, tok dei også kontakt med bestefar til Victoria, som også er ein erfaren laksefiskar.

– Det er ein hannlaks. Truleg har den døydd etter slåstkamp no i gytetida, fortel Oscar Mæland til smp.no.

Fleire eventyr?

Om laksen er etande er dei ikkje sikre på. Dei fortel at dei i alle fall ikkje tar sjansen.

I staden nyttar dei sjansen til å kanskje få enno fleire opplevingar i naturen.

– Vi har no bore fisken ned til fjøra, der vi kan sjå den frå klasserommet. Og no skal vi følgje med på fisken for å sjå om den blir tatt av andre dyr, som ørn, fortel dei.