Etter at Nettbuss endra på rutetidene sine protesterte både Stranda pensjonistlag og kommunane Stranda og Sykkylven, og kontakta fylkeskommunen.Men der er det ingen hjelp å få.

I eit brev til dei to kommunane skriv samferdslesjef Arild Fuglseth at på grunn av forpliktande gjensidige avtalar med Sogn og Fjordane fylkeskommune kan dei ikkje endre på sine avgangstider.

Å setje inn ein ekstraavgang som kan korrespondere betre med bussen frå Stryn til Oslo vil koste Møre og Romsdal over ein million kroner i året, noko dei ikkje har økonomi til.