Det fortel ordførar Arne Sandnes (Sp) i Norddal kommune.

– Dette forverrar situasjonen ytterlegare, med tanke på at det årleg er 700.000-800.000 som nyttar denne turistvegen.

Tysdag har Fylkesmannen i Møre og Romsdal kalla inn til møte for å drøfte problema knytt til at det over ei strekning på 11 kilometer på fylkesvegen mellom Valldal og Trollstigen ikkje er dekning for mobiltelefonen.

Utan radio

På møtet vil Arne Sandnes informere om at situasjonen ikkje blir betre frå februar neste år, når FM-nettet blir teke ned til fordel for DAB.

– Dei øvste delane av Valldalen får ikkje slik DAB-dekning, og blir difor utan vanleg radio, seier Sandnes.

Han legg til at hadde no endå dette vore i ein skikkeleg utkant, men dette er altså ein av dei mest trafikkerte turistvegane i landet.

(saka held fram under)

– Mobil viktigast

Stine Sætre, beredskapssjef i Møre og Romsdal, seier at radio er ei god informasjonskjelde for folk. Men ho meiner det er endå viktigare å få på plass eit mobilsamband på heile strekninga.

– Det er ikkje heldig at det er 11 kilometer utan mobildekning her, og vi håpar no på ei løysing, seier Sætre.

Ho strekar under at møtet tysdag vart planlagd før ulykka i sommar, der ein buss køyrde utfor vegen i Valldal og ein passasjer mista livet.

– Heldigvis var det mobildekning der dette skjedde, legg beredskapssjefen til.

Årelang kamp.

Norddal- ordførar Arne Sandnes seier at det i fleire år har vore arbeidd frå kommunen si side for ei betre mobildekning.

– Det vart i 2014 vedteke eit spleiselag mellom fleire, der mellom andre kommunane Norddal og Rauma skulle vere med - og der ein skulle kunne bruke masta som det nasjonale naudnettet no har sett opp på Skarfjellenden.

– Men Telenor meinte prisen dei skulle betale vart for høg til at dei ville vere med. Så då stoppa det heile opp. No håper vi å få ny framgang i saka, seier Arne Sandnes.