– Noko må gjerast i Geiranger. Sist sommar var det fleire gonger totalt trafikkaos.

Det seier Rune Maråk, dagleg leiar og eigar av daglegvarebutikken Joker Geiranger i sentrum av turistbygda.

Og Stranda kommune har svaret klart:

Han legg til at det er høgst påkravd å få på plass ei løysing allereie til komande sommar.

Fjellhall

– Kva med å lage fleire parkeringsplassar i Geiranger?

– Det er eit anna spørsmål som vi også arbeider med, men som det vil ta litt meir tid å få på plass, svarer Tryggestad.

Andre stader, som til dømes i Ålesund og Molde, men også i den svært tronge turistbyen Limone ved Gardasjøen i Italia, er parkeringshusa lagt i fjell.

– Er det mogeleg i Geiranger?

– Vi vurderer parkeringsløysingar både i dagen og inne i fjellet. Det er ikkje utenkeleg at ei parkering inne i fjellet kan bli løysinga også for Geiranger. Men då er vi avhengige av å få finansieringa på plass, svarer ordføraren.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

God løysing

Butikkeigar Rune Maråk synest også eit parkeringshus inne i fjellet er ei god løysing:

– I dag er det fleire turistar som berre dreg vidare, fordi dei ikkje finn nokon stad å parkere. Men spørsmålet er nok korleis ein skal få finansiert noko slikt her i Geiranger. Kommunen har vel ikkje råd, Statens vegvesen meiner vel det ikkje er deira bord – og turistsesongen er kanskje for kort til at ei parkeringsavgift vil kunne betale ned ein slik fjellhall, seier Maråk.

AVGIFT: Det blir no arbeidd med å innføre parkeringsavgift i Geiranger allereie frå neste sommar.

Når Stranda kommune no vil innføre avgiftsparkering, så er det også etter innstendig oppmoding frå Statens vegvesen.

I eit brev til kommunen skriv vegvesenet at dei på det sterkaste vil tilrå at Stranda kommune innfører ei slik ordning i Geiranger sentrum.

Ikkje ramaskrik

Butikkeigar Rune Maråk trur ikkje det blir noko ramaskrik av ei slik avgift.

– Eg trur iallfall ikkje turistane som kjem hit vil reagere på ei parkeringsavgift. Det er dei jo vande til å betale der dei kjem ifrå, seier han.

– Derimot er det kanskje ikkje alle dei som bur her som synest det er like greitt å måtte betale når dei skal ein tur på butikken, legg Maråk til.

– Eg trur ikkje at tilreisande vil stusse over at det er parkeringsavgift i Geiranger. Derimot har vi allereie fått fleire tilbakemeldingar frå fleire turistar som synest at dagens parkeringsløysingar er for dårlege.

Dårleg organisert

Når det gjeld parkeringssituasjonen i Geiranger er også Sindre Mjelva, eigar og direktør ved Hotell Union i Geiranger, oppteken av tiltak.

– Slik det er i dag, verkar det heile nokså usystematisk og dårleg organisert, seier hotelldirektøren.

Og nettopp organiseringa vil Statens vegvesen også at Stranda kommune skal gjere noko med, og tilrår at det blir skilta betre i Geiranger sentrum.