Vi er tvert imot på Stranda vidaregåande skule, som nok ein gong har ambisjonar om å plassere seg heilt i norgestoppen for ungdomsbedrifter.

– Smak på ein av sjokoladane våre, lokkar Isabel Rosenvinge, og vi let oss ikkje be to gonger.

Bær frå Valldal

Og ikkje minst: Dei har fylt to av sjokoladevariantane med bær frå Valldal. Du kan velje mellom jordbær og bringebær, begge delar levert av Valldal Grønt.

Det har elevane i Smelt i hjertet gjort noko med. Dei har bestilt lekre esker frå ein produsent i Kina.

Ny smoothie med lokale bær

Ved sidan av sjokoladegruppa står Zup UB. Dette er elevar som har utvikla ein ny smoothie i tre variantar. Også her er råvara den berømte bæra frå Valldal.

– Vi har nytta oss av bær levert frå Valldal Grønt, og fått fram ein drikk med frisk og god smak. Dessutan kjem vi med ein heilt ny variant: Smoothie med kolsyre, fortel talsperson Kristine Hanssen.

Zup UB Emil Raab, Madelen Hauge, Olene Lade, Erlend Støbakk, Amalie Flo, Astrid Tryggestad Fjørstad, Veronica Øksvang, Kristine Hanssen, Johanne Tryggestad og Mikal Aanning.

Både Zup og Smelt i hjertet har inngått avtale om sal av sine produkt i ein daglegvarebutikk på Stranda.

Desse to gruppene er dessutan tverrfaglege, det vil seie at elevar frå programfaget entreprenørskap samarbeider med kokkar frå restaurant- og matfag. Dei to siste åra har slike tverrfaglege ungdomsbedrifter frå Stranda teke medaljar i NM.

For å lage mat treng ein straum. Ungdomsbedrifta Rein Energi har fått i oppdrag å marknadsføre Stranda Energi, med mål om å få nå nye kundegrupper.

– Vi fokuserer på at dei produserer rein og gjenvinnbar energi, og har laga ein video som blir spreidd i sosiale medium, fortel Hanne Skog.

Ho legg til at gulrota for å skifte til Stranda Energi er at ein blir med i trekninga av eit weekendopphald for to på Hotel Union i Geiranger.

Rein Energi UB Elisa Rønneberg, Maja Ringdal, Hanne Skog, May Britt Tangen Vad, Malin Corneliussen og Lina Stadheim Myklebust.

Lokalmat-app

Fjerde og siste ungdomsbedrift, Lokalmat UB, skal først konkurrere neste år. Men så treng dei også tid på å bygge opp produktet sitt. som er ein lokalmat-app for mobiltelefon.

– Den skal gje folk tips om middagsmat, og vi har delt inn menykategoriane i landsdelar. Brukarane kan også sjølv legge inn sine middagstips, forklarer Katrine Mykløen Ødegård.

Lokalmat UB Katrine Mykløen Ødegård, Josefine Sve Hagen, Terese Aanning, Victor Busengdal og Tobias Manthey.

Ho legg til at det heile er svært komplisert, så dei treng to år på prosjektet.

Skulen legg opp til at elevane i Lokalmat UB kan drive selskapet sitt vidare også etter at dei er ferdige på skulen på Stranda, men då i form av eit AS.