Ein feil på høgspenningslinja til Geiranger gav straumbrot i heile bygda. Stranda Energi sitt mannskap fekk ordna dette like etter klokka 12 måndag.

- Det er fleire feil rundt om, og vi jobbar med å finne og rette dei, sa Terje Årdal i Stranda Energi til smp.no klokka 10.30.

Uværet Urd som i Møre og Romsdal  tok seg opp utover ettermiddag og kveld søndag er måndag morgon og føremiddag blitt til sørvest full og periodevis sterk storm på kysten.

- Vi reknar med det er vêret som no skaper problem i Geiranger og på Hellesylt, sa Årdal klokka 10.30 måndag.

Aukande storm

Han hadde då allereie vore på Hellesylt og fiksa ein feil der.

- Heldigvis er det aggregat nokre stader i Geiranger, på omsorgsboligen og Union hotell, sa Årdal.

Seint måndag ettermiddag eller tidlig kveld er det venta nordvestlig liten og periodevis full storm utsatte steder på Sunnmøre.

Fra søndag ettermiddag til mandag kveld er det ventet lokalt mye nedbør, og i løpet av 36 timer er det ventet lokalt 70-100 mm nedbør.

Lokaliserer årsak til straumbrot

I Ulstein kommune ble dei i natt utfall i området sentrum av Dimna fra Kleven og ut til Røyra. Feilsøking viste at trafoen på Gjerne er defekt og må skiftes. Klokka 13 var dette fiksa.

På Fiksdalstranda i Vestnes var det meld om straumlause klokka 8.30 måndag. Montørar sjekkar.

Det tek tid å identifisere feila og driftsmannskapane håper folk har teke alle mulege forholdsreglar før vêret tok seg opp.