Brannvesenet i Sykkylven rykka onsdag morgon ut til Sandella Fabrikken i Vikøyra etter at dei fekk melding om røyk i lokalet.

I løpet av få minutt blei det klart at det var snakk om røyk frå ei maskin og ikkje opne flammar. Brannvesenet reiste difor frå staden etter at bygget blei sjekka av røykdykkarar.

Politiet på Sunnmøre melder på Twitter at det ikkje skal ha vore personar i bygget. Ved 05.50-tida melder politiet at brannvesenet har kontroll på staden.

Les flere nyheter fra Indre på smp.no