Ifølgje Ålesund sjukehus fekk mannen moderate skader i ulukka som skjedde på området til skisenteret i Stordal laurdag ettermiddag.

Dagleg leiar Rune Støversten ved Arena Overøye stadfestar til smp.no at det har vore ei ulukke i bakken, men at han ikkje hadde meir informasjon om hendinga.

Politiet på Sunnmøre opplyser laurdag ettermiddag at dei ikkje er varsla om saka.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no