Ei kvinne i 30-åra fekk alvorlege skader etter det som blir opplyst å vere ei skiulukke ved Stranda skisenter tysdag.

Kvinna blei brakt til Ålesund sjukehus der ho tysdag var til behandling ved intensivavdelinga. Tilstanden til vedkomande er stabil, opplyser Helse Møre og Romsdal.

Dagleg leiar Stian Græsdal ved skisenteret opplyser til smp.no at kvinna falt i traseen og hamna utfor løypa der ho skal ha treft nokre steinar.

– Det er ei ekstra utfordring for oss at det er så lite snø utanfor løypene, seier Græsdal som åtvarar besøkande mot å køyre utanfor merka løype.

Ulukka skjedde rundt stengetid og kvinna fekk hjelp frå ei skipatrulje ved senteret. Politiet på Sunnmøre er ikkje orientert om hendinga.