Gamle møbelfabrikkar i Stordal skulle fyllast med laks og aure. Sunnmørsposten skreiv i fjor at dette ville gje 50 arbeidsplassar. Vilkåret var at Norsk Sjømat fekk såkalla utviklingskonsesjonar som premie for å ta i bruk ny teknologi mot lakselus.

No har Fiskeridirektoratet gitt avslag, skriv Nett.no.

- Vi vil anke, seier dagleg leiar Per Magne Grøndahl i Norsk Sjømat til nettstaden.

Selskapet ønskjer å bruke damp og varmluft for å ta knekken på lusa. Prosjeket er planlagt i samarbeid med SeaSide og Optimar Stette. Planane går mellom anna ut på å bygge eit klekkeri for rogn, eit stort fôringsanlegg i ferskvatn, og eit oppvarma sjøvatnanlegg. I anlegget med sjøvatn skulle fisken gå til den er nærare eit kilo. Med i prosjektet er også lakseavl-selskapet AquaGen.

Fiskeridirektoratet meiner det ikkje er dokumentert at prosjektet inneber «betydeleg innovasjon». Dei meiner det heller ikkje er dokumentert at det hjelper mot lakselus.