På kommunestyremøtet i Stranda blei det torsdag vedteke å leggje ned Liabygda skule.

– Det var ein lang, grundig og sakleg debatt, og det gjekk slik som framlegg til vedtak var. No gir vi oss sjølve eit års arbeidsro med tanke på å få kartlagt eit samarbeid med skulane i Norddal eller Stordal, seier Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda, til smp.no.

Vedtaket var venta. Grunnen er at elevtalet på barneskulen i Liabygda er lågt. Det er tre alternativ for elevane: Ringstad skule i Stranda, eller eit samarbeid enten med Stordal eller Norddal.

– Forståinga var at foreldra ba om flytting. No skal vi sjå på kostnadane og kva pedagogisk tilbod vi kan gi elevane, seir Tryggestad.

Det har vore bekymring for at elevane aleine skal måtte ta ferje, og då spesielt dei yngste elvane, men ifølgje ordføraren så er det ingen grunn til bekymring over det spørsmålet.

– Dersom det blir Ringstad og Stranda, så vil det bli vanleg skuleskyss frå Liabygda til skulen. Det blir ikkje slik at nokon skal kunne gå av bussen på ferja, seier Tryggestad.