Bildeserie over.

Minidilten er eit tilbod til dei aller minste. 300 meter for 0-5 år, dobbel distanse for 6-10 år. Dette utgjorde to store startfelt, då mange av dei yngste naturleg nok hadde med vaksenhjelp. I alt vart det registrert 130 deltakarar i Minidilten.

Hovudløpet er 3,2 kilometer. Denne gongen med 65 utøvarar i konkurranseklassa og 110 i trimklassa. Farta på feltet er høgst ulik, men alle når fram til mållina. Der ventar nemleg «gulrota»; ei korg søte, saftige valldals-jordbær. Den vil alle ha med seg.

Alle løps-rekordar overlevde denne gongen. Resultata kan du sjå her (ekstern side).

Stor bildeserie frå olsokfeiringa i Valldal her