Redda bustadhuset – garasje brann ned

Den brennande garasjen raste mot bustadhuset. Med hageslange vart bustadhuset kjølt ned inntil brannvesenet kom, fortel 110-operatør Anja Lereng.

  Foto: Mathilde L. Vinje, Storfjordnytt

Indre

«Valldal brannvesen er ute på brann i garasje, fullt overtent. Har kontroll på staden», melde Møre og Romsdal 110-sentral på Twitter torsdag føremiddag.

Det gjekk bra, men brannen kunne spreidd seg til eit bustadhus.

– Då brannvesenet kom fram, såg dei ein overtent garasje som hadde rasa saman. Raset hadde gått i retning eit bustadhus som stod rundt 30 meter unna, og det var frykteleg høg temperatur, fortel 110-operatør Anja Lereng til Sunnmørsposten.

Ho fortel at dei som var på staden stod og kjølte ned bygninga med hageslange inntil brannvesenet kom.

– Då brannvesenet kom fram, var vindauga på bustadhuset veldig varme, og brannvesenet hjelpte til med å kjøle ned huset. Det er ingen skade på huset, seier 110-operatøren.

Ho legg til at brannvesenet tidleg fekk kontroll over situasjonen.