Brannvesenet fekk melding klokka 15.18 om at det brann i ein bustad i Stranda. Brannen skal ha oppstått i samband med ein vifteomn - og ikke ei badevifte - slik det først blei meldt.

Naudetatene rykka ut, men brannen skal allereie ha blitt sløkt då dei i huset varsla.

Politiet i Møre og Romsdal opplyser at alle personar kom seg ut av huset og at det ikkje var opna flammar – men mykje røyk.

- Ein person behandlast på staden for mindre skade, heiter det i ei Twitter-melding.

Fordi det var mykje røyk gjekk brannvesenet inn med røykdykkar for å forsikre seg om at brannen var sløkt, fortel vakthavande ved 110-sentralen for Møre og Romsdal til Sunnmørsposten.