– Tre bilar i trafikkulukke i Sykkylven

Naudetatane rykka ut etter melding om ei ulukke på fylkesveg 60 søndag.

Tre bilar har vore innblanda i ein kraftig kollisjon i Velledalen i Sykkylven.  Foto: Inger Otterlei

Indre

Ulukka skjedde i Velledalen, ifølgje ei melding frå Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.

I alt tre bilar var involvert i ulukka og det var snakk om ein kraftig kollisjon.

Ifølgje Nrk blei ein bil påkøyrd bakfrå dan han stoppa opp. Bilen som køyrde inn i den hamna så over i motgåande køyrefelt der den kolliderte med ein bil som kom imot.

– Ein mann i slutten av tenåra er frakta til sjukehus med ambulanse. Skadeomfang er så langt ukjent, seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl i politiet til Nrk.

Det var tre personar involvert i ulukka. Dei involverte er i slutten av tenåra, i 40-åra og i 70-åra.

Ifølgje Helse Møre og Romsdal har ein mann i 40-åra moderate skadar etter ulukka. Skadane til tenåringen vert omtalt som lette.

Vegen på staden var sperra og ifølgje Sunnmørspostens sin medarbeider på staden fekk bilistar beskjed om å finne alternative vegar, men frå 17-tida var det trafikkdirigering forbi ulykkesstaden.