Hundeidvik vassverk har onsdag morgon sendt ut kokevarsel, etter dei store nedbørsmengdene dei siste døgna.

Vassverket leverer no ureinsa eller delvis reinsa vatn. Hundeidvik vassverk leverer vatn til Tusvik og Hundeidvik.

Styremedlem Per Kjetil Våtmyr har eit håp om at problemet kan vere ordna i løpet av onsdag.

- Det er silane inn til reinseanlegget som har gått tett, fortel Våtmyr til Smp.no.

- Abonnentane i Tusvik har heller ikkje vatn, her må ei gravemaskin fjerne steinar i elveløpet, seier Våtmyr.

Også Sætre og Jarnes Vassverk på Ikornnes lit på grunn av dei store nedbørsmengdene. 60-70 abonnentar er onsdag morgon utan vatn, ifølgje Vebjørn Jarnes, leiar for Sætre og Jarnes Vassverk.

- Vi har fått brot på ei vassleidning ut til Erstad og Riksheim. Vi håper å ha dette reparterert i løpet av nokre timar, seier Jarnes onsdag morgon.

- Etter at brotet er reparert, sender vi ut kokevarsel, seier Jarnes.

Oppdatering Hundeidvik, onsdag kveld:

Ein del som får vatn frå Hundeidvik vassverk fekk att vatnet og normalt trykk onsdag kveld, men miste det att fordi elva framleis er stor og tettar inntaket. Seint onsdag kveld var det gravemaskin på plass som arbeidar med å halde inntaket ope, og ein håpar trykket blir normalt att til torsdag morgon. Kokevarslet vert oppretthalde inntil vassprøver viser at vatnet er reint.