SYKKYLVEN (smp.no): I morgontimane onsdag er NVE og Statens vegvesen på staden for å sjå på skadane som vassmassane har gjort i området. Samstundes prøver Ekornes å kome i normal drift att etter at lokala vart oversvømt.

Brua over Ikornneselva er sperra for trafikk, og det er etablert omkøyring om industriområdet lenger nede, med manuell dirigering.

Driftsleiar Sindre Helset i Mesta på Sunnmøre seier at brua over Ikornneselva på fylkesveg 71 vil bli stengd inntil ein får oversikt over eventeulle skadar på brufundamentet.

- Slik situasjonen er no er det umogeleg å få oversikt. Elva har gått ned 40 cm sidan i går kveld, men det er førebels lite tegn på at ho går ytterlegare ned, seier han til smp.no.

Inntil vidare er det manuell dirigering om fabrikkområdet i ca 300 meter.

- Kritisk situasjon

Mens elva har gjort kraftig innhogg i vegar lenger oppe, der Vegvesenet no prøver å få oversikt over skadane, har Ekornes hatt strie timar med kamp mot vassmassane nede ved fjorden.

Sjå video: Her renn elva rett igjennom fabrikken

No håpar dei at nedbøren avtek, slik at fabrikken kan tørke opp og kome i produksjon att.

Måtte stoppe

Det er ei av produksjonsavdelingane til møbelfabrikken som er direkte ramma. Her stoppa produksjonen opp tysdag kveld då flaumen kom.

Produksjonsdirektør Ole Arne Ramstad ved Ekornes.

- Onsdag førmiddag er vi i ferd med å starte opp at, og i løpet av dagen vil avdelinga vere i normal produksjon att, opplyser Ramstad.

- Er det store skadar på utstyr og lokale?

Glad for innsatsen

Han rosar elles industrivernet ved bedrifta og andre tilsette som bidrog og framleis bidreg under arbeidet med flaumen.

Følgjer med

Ramstad er spent på om værvarslinga slår til igjen, det kritiske er om kulverten som kan tette seg til på ny. I 10.30-tida renn det nokonlunde, men fortsatt står elva eit godt stykke opp på kulverten.

Snekkeriavdelinga har kome i gang att, medan lakkavdelinga, som og vart råka, vil kome i gang i løpet av dagen.