SYKKYLVEN (smp.no): – Det var ikkje noko å vente lenger med, seier sonen.

Onsdag var han attende på staden der han kvelden før forsto at det kunne bli dramatisk.

Følg smp.no på Facebook

Tok vegen og kvernhus

Ved 18-tida reiste han til mora, som er dårleg til beins. I første omgang var han redd for at elva kunne ta eit nytt løp og omringe huset.

Han tok til å spa dreneringsrenner i marka for å leie vatnet vekk. Men ved 20-tida vart det kritisk.

Han var førebudd på at noko slikt kunne skje. Difor sette han att bilen på trygg grunn.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Tre hus evakuert

Tre hus er no evakuert og sperra inne av vassmengdene. Ingen av husa har fått skade, men det er framleis umogleg å flytte attende.

– Mor mi vart nok litt oppskaka av hendinga, men ho vil snarast mogleg attende, seier Asgeir Nybø.

Asgeir Nybø forsto at det kunne bli kritisk for barndomsheimen ved Ikornnes. For ti år sidan grov vatnet seg inn i elvebredda og vegen, men denne gongen vart det verre. Foto: Nils Harald Ånstad