– Dette meiner vi skal vere realiserbart. No ventar vi på eit kostnadsoverslag, seier Harald Espeland, prosjektleiar for Design-Create-Live i Sykkylven Næringsutvikling AS.

Dei arbeider med å få i gang eit inspirasjons- og kompetansesenter for norsk møbelindustri, med sete i Sykkylven.

Følg smp.no på Facebook

Campus

I samband med dette senteret vil dei også byggje ein campus for designaktiviteten, og ser for seg at unge, nyutdanna designarar kan kome til Sykkylven og slå seg opp med nye gode idear – i til dømes ein periode på eitt til tre år.

– Og gjerne lenger enn det også, smiler Harald Espeland.

Det er Plot Arkitekter AS i Ålesund som har laga skissene som Espeland no viser fram.

– Det første eg tenkte då eg såg skissene var at dei har treft bra blink med tanke på dei ti bueiningane vi først ønskjer å få på plass, seier Espeland.

Og er det ikkje alltid ti designarar som treng ein stad å bu, så ser Espeland for seg at andre kan få leige bustadene.

Utstilling og servering

Arkitektane har også teikna inn eit utstillings- og serveringsareal knytt til Berlihuset, utsiktspunkt på toppen av Berlihaugen, utstillingspark med montre, kontorfasilitetar, eventuell verkstad for produktutvikling, serveringsstad og møterom.

Espeland fortel at dei har hatt ei lokal styringsgruppe som har samarbeidd med arkitektane. I gruppa sit Sykkylven kommune, Sap Design AS som eig Berlihuset og eigedomen rundt - og sjølvsagt Sykkylven Næringsutvikling AS.

I løpet av hausten skal det ferdigstillast ein forretningsplan som viser korleis Inspirasjons- og kompetansesenteret for norsk møbelindustri kan utvikle eit attraktivt tilbod innan design.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Besøk

Allereie i september får Sykkylven besøk av sju designstudentar frå Oslo som skal vere her i to veker. Kanskje vil dei kome tilbake som ferdig utdanna og då få tilbod om å bu i dei nye husa på Berliområdet?

– Det er framleis mange brikker som skal på plass, og vi veit meir når kostnadene er klare. Men sjølv har eg eit håp om at vi kan få til ein oppstart allereie neste haust, seier prosjektleiar Harald Espeland.

Kommunaldepartementet har allereie løyvd Bulyst-midlar til å utvikle konseptet.

Slik vil dei nye, moderne bygga sjå ut frå fylkesveg 60, som i dag går i ein tunnel under Berliområdet. SKISSE: PLOT ARKITEKTER AS