Høgre-statsråden kunnegjorde sjølv at Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv får fire millionar kroner i investeringsstøtte frå departementet.

Midlane skal nyttast til å etablere eit verdsarvsenter som skal formidle verdsarva og legge til rette for ein meir berekraftig turisme i fjorden.

– Arbeidet Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv gjer, er eit svært godt døme, sa statsråden.

Følg smp.no på Facebook

– Fantastisk

Samen med eit tilskott på tre millionar kroner som departementet gav i fjor, skal pengane nyttast til å bygge om bygningane ved Norsk Fjordsenter - til eit verdsarvsenter.

Her skal det leggjast til rette for formidling og informasjon om verdiane i Vestnorsk fjordlandskap. Geiranger og Nærøyfjorden i Aurland er ført opp på Unesco si liste over verdas kultur- og naturarv.

– Det er heilt fantastisk å få så mykje pengar, var den spontane reaksjonen frå Katrin Blomvik, direktør i stiftinga.

Ho legg til at dei lenge har venta svar på søknad om midlar.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Miljøprosjekt

På agendaen for besøket stod cruisetrafikk, og berekraftig verdiskaping basert på natur- og kulturarv.

Ministeren skulle også på fottur til Storsæterfossen og køyre el-skuter til Flydalsjuvet, i tillegg til fagleg påfyll ved Norsk Fjordsenter. Vidare skulle ho dele ut diplom for oppnådd miljøfyrtårnsertifisering til bedriftene Norsk Fjordsenter og Villa Nordangdal i Stranda.

Smp.no følgjer ministerbesøket

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft ved innleiinga av besøket i Geiranger onsdag. Foto: Nils Harald Ånstad
Katrin Blomvik i Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv sette pris på friske pengar. Foto: Nils Harald Ånstad