Ein politipatrulje på Stranda kom i ettermiddag over ein promillekøyrar ved eit tilfelle. Klokka var 17.50 då politiet var ute på eit ærend på Stranda, og i det høvet observerte patruljen ein bebuar på adressa køyre bilen sin fire meter.

- Det skal ha lukta alkohol av føraren og han vart tatt med til lege for blodprøvetaking, melder Sunnmøre politidistrikt.

Politiet opprettar sak på forholdet.