– Det er eit omfattande arbeid å preparere dette dyret. Men eg reknar med å vere ferdig i februar/mars neste år, seier taksidermist Ole Geir Schanke til Sunnmørsposten.

Rindal

No ligg ulven på frys hos Schankes Trofédesign i nordmørskommunen Rindal.

Ikornnes

Natt til fredag 6. juni vart han skoten på Ikornnes. Då hadde han drepe eit 20-tals sauer både i Stranda og Sykkylven.

Schanke, som har drive med utstopping av dyr i 33 år og som har hausta mange prisar, mellom anna ein verdsmeistertittel, har mange arbeidstimar framføre seg:

– Det blir ei ekstra utfordring at dette dyret har så kort pels og så mange musklar som skal visast, forklarer han.

Dette er første gong Schanke har ulv i verkstaden sin i Rindal. Men han har stoppa ut eit dyr som liknar mykje:

– Ein gong hadde eg nemleg ein narkohund, ein schäfer, inne til preparering.

– Ein hund?

– Ja, han står i dag utstilt på politimuseet i Trondheim.

49-åringen er født og oppvaksen i Sykkylven, men flytta til Rindal i 1989 der han og kona framleis bur. Det er også her i denne nordmørskommunen heilt på grensa til Trøndelag at han har etablert seg med verkstaden sin.

– Kva er det største du har stoppa ut?

– Det må vere bjørn og hjort. Dessutan hadde eg oppdraget med å stoppe ut en hai på 315 kilo ein gong.

– Det minste då?

– Stingsild. Dessutan har eg insekt som hobby, eg samlar på sommarfuglar.

Trofé

Men det han arbeider mest med er utstopping av hjortetrofé, og fisk som stolte laksefiskarar vil ta vare på.

Og dette driv han med på heiltid. I tillegg har han og kona eit lite småbruk med 80 vinterfôra sauer. Dei stoppar han ikkje ut.

Følg smp.no på Facebook

Taksidermist Ole Geir Schanke, opphavleg frå Sykkylven.