– Dette er ein spanande idé. Vi i kommunen ønskjer at ein skal sjå nærare på dette, seier ordførar Petter Lyshol (H) i ein kommentar.

Både han og Leif Jarle Aure innser at det er mykje opp og fram før ein kan byggje noko kraftverk i Ekorneselva. Men begge seier det er viktig å ha idear som ein kan arbeide vidare med.

Flaum

Og at noko må gjerast med elva, er dei også einige om, både Ekornes, kommunen og bebuarane langs elva. For i august i år vart det flaum og dei fekk sjå kva for krefter det kan vere i denne elva.

– Elva renn nemleg rett under fabrikkanlegget vårt, gjennom ein 55 meter lang betongkulvert. Ja, ho går rett under snikkaravdelinga der vi har teknologisk utstyr for over 20 millionar kroner, forklarer Leif Jarle Aure.–

Heldigvis klarte ein å unngå større skadar under flaumen i august. Men det var like før, legg Aure til.

Store røyr

Han seier ideen dei har er å leggje den eit par-tre kilometer lange elva i eit stort røyr, to meter i diameter, heilt frå Sessvatnet og ned til fjorden.

– Fallhøgda er på 140 meter, og då er det mogeleg å kople til ein turbin som kan produsere straum. Vi har rekna ut at det kan vere snakk om ein produksjon på 2,8 til 3 GWh. Det utgjer om lag 20 prosent av det årlege straumforbruket vårt her på fabrikken, legg Aure til.

Han seier at førebels er det heile berre på idéstadiet. Men dei har henta inn konsulentuttale utanfrå som seier at det heile er teknisk mogeleg.

– Men det er sjølvsagt mange som må involverast i det vidare arbeidet om det skal bli noko av dette prosjektet. Det gjeld til dømes grunneigarar, naboar, NVE, kommunen og fylkes-kommunen.

– Kva blir kostnaden?

– Det har vi ikkje rekna på. Det er framleis heilt i det blå, svarer Leif Jarle Aure.

Positiv ordførar

Også ordførar Petter Lyshol seier at det er mange brikker som skal på plass før ein eventuelt kan få på plass eit kraftverk.

– Men det er rett å sjå nærare på ideen som Ekornes kjem med, legg han til.

<strong>Ingeniør:</strong> Leif Jarle Aure er prosjektingeniør hos Ekornes ASA. Foto: Terje Engås