– Sikringsarbeidet etter raset som gjekk på fylkesveg 63 ved Berge i Eidsdal er full gang. Fjellet blir spylt for å få ned lausmassar. Under desse lausmassane er det funne ei laus steinblokk som må fjernast før vegen kan opnast igjen, opplyser prosjektleiar Odd Einar Hjellen i Statens vegvesen.

Sikringsarbeidet blir derfor meir omfattande enn tidlegare rekna med.

Raset på vegen mellom Geiranger og Eidsdal vart oppdaga måndag morgon. Tidleg i veka rekna Vegvesenet med at vegen kunne opnast onsdag eller torsdag. No blir det etter alt å døme tidlegast fredag:

Ny laus blokk

– Det som er utfordrande no, er at vi ikkje veit kva vi finn bak denne steinblokka og kva som eventuelt blir krevd av sikringsarbeid bak. Vegen vil truleg uansett ikkje kunne opnast før fredag med den ekstra sikringa som no må til. Det viktigaste for oss er at vegen er trygg når vi opnar den igjen, seier Hjellen.

Les også: 50 kubikkmeter stein ned på vegen Eidsdal-Geiranger

Sikringa av fjellet ved Berge skjer i nært samarbeid med geolog og andre faggrupper i Statens vegvesen og entreprenøren sitt mannskap.

Ferje

Det går ferje mellom Geiranger og Hellesylt så lenge vegen er stengd. Rutetidene finst på Fjord1 sine nettsider. Det er avgang med ferja tre gonger dagleg frå begge sider.