Fredag vart kontrakten underskriven mellom Statens vegvesen Molde-firmaet Christie & Opsahl AS.

Kontrakten er på 36 millionar kroner og omfattar riving av den eksisterande kaia og bygging av ny ferjekai på om lag same stad.

– No går byggherre og entreprenør i gong med ein samhandlingsfase, der ein blir kjend, etablerer rutinar og gjennomgår prosjektet for å få ei felles forståing. Eg ser fram til eit godt og konstruktivt samarbeid med entreprenøren, seiar prosjektleiar Marianne Nærø i ei pressemelding.

Byggjestart er planlagd i januar, og målet er at den nye kaia står ferdig desember 2016.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no