– Vi vil med dette be om å få betale eigedomsskatt. Ikkje fordi vi ønskjer eller treng fleire utgifter, men fordi vi meiner vi ikkje har råd til å seie nei til eigedomsskatt.

Det skriv 12 innbyggarar i Sykkylven i eit brev til politikarane i Sykkylven, med kopi til Sykkylvsbladet.

Eigedomsskatt eller dårlegare kommunale tenester? Bruk kommentarfeltet!

Les flere nyheter fra Indre på smp.no

Dei 12 brevskrivarane fryktar at utan inntektene frå eigedomsskatten vil det bli store kutt i barnehagar og skular.

Det er i samband med budsjettet for 2015 at rådmannen i Sykkylven har føreslått at det vert innført eigedomsskatt frå neste år. Det kan gje inntekter på 7,5 millionar kroner neste år, og ni millionar året etter.

Framlegget frå rådmann May-Helen Molvær Grimstad går ut på at berre bustader og fritidshus vert skattlagt, og ikkje næringsbygg.

Venstre sine to representantar i kommunestyret har hamna på vippen, og avgjer om det vert eigedomsskatt.

Les kva partia meiner om saka i papirutgåva av Sunnmørsposten fredag, eller i eAvisa her (krever innlogging)