Kurt Johansen og Tony Jakobsen i firmaet SubseaPartner kom fredag til Hundeidvik for å starte arbeidet med å tømme det russiske trålarvraket for olje.  Etter kvart skal ni-ti dykkarar i aksjon.

– Vi startar måndag med eit planleggingsmøte saman med Kystverket og Sykkylven kommune. Deretter skal vi same dag leggje ut lenser og gjennomføre ei oljevernøving ved vraket, fortel Bjørn Brunborg, dagleg leiar i firmaet som har fått oppdraget med å tømme trålarvraket for olje. Oppdraget har Haugesund-firmaet fått av Kystverket, etter at det vart gjennomførd ein anbodsrunde

Forlis

Skipet det gjeld er trålaren «Krasnoselsk», som forliste i Hundeidvik 26. desember 2011, den dagen orkanen «Dagmar» herja på Nordvestlandet.

– Etter øvinga skal dykkarane våre kartlegge alle tankane om bord på vraket, og bore inspeksjonshòl i tankane slik at vi kan få slått fast om det er olje i dei, legg Brunborg til.

Når dette kartleggingsarbeidet er over, tek dei til med å bore tømmehòl i dei aktuelle tankane, og set deretter inn ventilar.

– I løpet av neste veke kjem det også eit tankskip som olja skal pumpast om bord i. Olja vil deretter bli levert til godkjend mottak for slikt, forklarer Bjørn Brunborg.

Kor mykje som eigentleg finst av olje om bord, er ikkje heilt fastslått.

80 tonn

Men eigarane av skipet har fortald til Kystverket at det skal dreie seg om ca 80 tonn marint diesel og fire-fem tonn med smørjeolje som er om bord.

– Vi kjem til slutt til å pumpe luft inn i tankane, slik at dei blir heilt tømde, legg Brunborg til.

– Kor lang tid trend de på oppdraget?

– Eg håper at jobben er gjort i løpet av 14 dagar, og kanskje også litt før. Skipet ligg iallfall stabilt til i smult farvatn, på 15 til 30 meters djupne. Det er ei grei djupne å arbeide på for dei ni-ti dykkarane som skal i aksjon i Hundeidvik, legg Bjørn Brunborg til.

– Så dette blir ikkje nokon vanskeleg jobb?

– Det vil jo alltid vere utfordringar under vegs. Men SubseaPartner er vel det selskapet som har utført flest slike oppdrag i heile Skandinavia, svarer Bjørn Brunborg.

For å vere på den sikre sida vil oljelenser truleg bli liggjande ute heile tida medan tømmearbeidet går føre seg, forklarer Bjørn Brunborg i SubseaPartner.

Kurt Johansen og Tony Jakobsen i Haugesund-firmaet SubseaPartner kom fredag til Hundeidvik. Foto: Robert Kvam
Vraket som sank utenfor Hundeidvik i 2011 innholder 80 tonn olje. Foto: SubSeaPartner
MV Krasnoselsk.