– Det er realistisk å tru at vi får på plass ein tunnel mellom Geiranger og Austlandet i løpet av 10–12 år, seier Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp).

Måndag var han i Oslo på eit stort vegmøte med Statens vegvesen der han presenterte planen.

– Og det er full einigheit mellom Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Oppland om ei slik løysing. Difor var det oppsiktsvekkjande at Statens vegvesen ikkje tok det med i sine planar. No vil vi be om eit møte med leiinga i departementet der vi tek opp tunnelsaka. Eg har sett Frank Sve (Frp) på denne saka, seier Tryggestad.

Les flere nyheter fra Indre på smp.no

Ordføraren peikar på at ein tunnel til Geiranger vil bety trygg heilårsveg til Austlandet, noko som vil gje turistnæringa eit betydeleg løft, og også vere viktig for lokalbefolkninga.

<strong>MØTE:</strong> Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) i Stranda har møtt leiinga i Statens vegvesen.