Kommunestyret i Sykkylven vedtok med 15 mot 14 stemmer måndag å innføre eigedomsskatt frå neste år.

Vedtaket vart gjort med stemmene til Ap, SV, KrF og Sp - og to utbrytarar frå Venstre og Frp. Gruppene til Høgre og Frp har vore klare heile tida på at dei ville røyste imot. Skattesatsen for skatten vert neste år to promille for bustadhus og fritidshus, medan næringsbygg ikkje vert skattlagd.

Også i Selje i Sogn og Fjordane såg lokalpolitikarane seg nøydd til å ty til den omstridde skatten. Det var eit budsjettframlegg frå Sp og Høgre som fekk fleirtall i kommunestyret her, melder NRK Sogn og Fjordane.

Åtte millionar i meirinntekt

Eigedomsskatten vil gi Sykkylven kommune årlege nettoinntekter på om lag åtte millionar kroner, etter at utgifter til innføringa og taksering er trekt i frå, opplyser rådmann May-Helen Molvær Grimstad i Sykkylven til smp.no.

Formannskapet sa nei til til eigedomsskatt for om lag to veker sidan, men måndag hadde altså stemninga snudd mellom Sykkylven-politikarane.

Rådmann Grimstad hadde skatten inne i sitt budsjettframlegg til politikarane.

– Bakgrunnen er den krevjande økonomiske situasjonen kommunen gjennom lang tid har vore i, og vi greidde ikkje sikre tenestenivået til innbyggjarane utan nye inntekter, seier Grimstad.

Betalar meir gjeld

Balansen i budsjettet som vart vedteke måndag, gir håp om at kommunen kan betale ned gjelda raskare enn planen var. Sykkylven har pådrege seg eit underskott på om lag 50 millionar kroner og er inne på Robek-lista til kommunaldepartementet.

– Dei økonomiske utfordringane til kommune er ikkje løyst, og det er framleis eit stramt budsjett. Innbyggjarane har merka at kommunen må spare, og dei vil framleis merke det, påpeiker rådmann Grimstad.

Fjerna kutt

Fleirtalet frå Ap, SV, KrF og Sp samen med dei to utbrytarane, fekk også sikra fleire tiltak i sitt budsjettvedtak. Det gjeld mellom anna tre stillingar i heimebasert omsorg der det har vore eit meirforbruk og pedagogiske tiltak i barnehagane i tillegg til assistentstillingar til skulen.

I tillegg fekk dei plass til ei ny stilling innan PPT-tenesta og ei leiarstilling som har vore vakant på grunn av den stramme økonomien.

Dei gjekk også saman om å sikre at dagtilbodet ved omsorgssenteret i Sykkylven framleis vil halde ope fem dagar i veka, og ei ekstra nattevaktstilling ved omsorgssenteret.

La inn kutt

Utgiftene til barnehagane vert mindre på grunn av lågare etterspurnad, og budsjettvedtaket inneheld samstundes fleire kutt på kultursektoren. Kutta er likevel lågare enn i framlegget frå formannskapet.

Det gjeld mellom anna ein kvart million mindre på lønnspostane til både kulturskulen og biblioteket - og lågare utgifter til møtegodtgjersle til politikarane. Andre postar på kultursektoren får meir, som Sykkylven Idrettslag, motocrossklubben, skyttarlaget og Ikornnes idrettspark.