– Vi var på julehandel då vi fekk telefon frå to jegerar i Oaldsbygda. Dei hadde sett fem dyr nær sjøkanten. Eg vart så glad, eg vart nesten rørt, seier Gunnhild til nettstaden hellesylt.info.

Torsdag tok ho turen saman med sambuaren Jan Ove Tryggestad, samt Per Kjell Leite, for å finne og hente heim dyra. Sauene var fem av fleire som var sakna etter hovudsankinga tidlegare i haust.

– Der vi fann dyra og la til med båten, var det bratte fjellsida ned i sjøen. Fyrst fanga vi ein av dei vaksne og fekk den om bord, og då hoppa dei andre etter i båten. Det gjekk flott, fortel Gunnhild.

Men framleis manglar sauebøndene på Tryggestad nær hundre sauer, det meste er lam.