Ein feil i ei høgspentmast gjer at straumen er borte i delar av Geiranger, frå Hotel Union mot Oplenskedalen og Ørjasæter, opplyser Stranda Energi.

Dei første feilmeldingane byrja å kome inn i 08-tida i dag, fortel vakthavande Sindre Berge i Stranda Energi. Det var observert gnistar i ei høgspentmast.

– Det er ein feil i ei høgspentmast. Vi har folk på staden for å sjå på skadane, og for å rettleie oss på kva vi treng av utstyr, seier Berge.

Sidan feilen er inne i Geiranger, vil det lett ta litt ekstra tid før feilen er retta.

– Det vi har observert så langt er at det er ein klemmefeil på ei høgspentlinje. Går alt etter planen, vil alle kundane i Geiranger få tilbake straumen før kl 12.30, seier Berge.

Oppdatering:

Stranda Energi opplyser at dei har oppdaga ny feil på ein fase på høgspent-linja mot Flydalen. Det vil derfor bli ei ny straumutkopling frå Union til Opplendskedal frå om lag kl 15.30 i dag og i rundt to timar.