– Det er gjort ein grovanalyse der ein ser på ei slik dreneringsløysing. Fagekspertane meiner det er mogleg å få til, seier Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda.

Det er også innvendingar. Kan menneskelege inngrep føre til forverring og enda større bevegelsar i fjellet?

Det er Stranda kommune og Tafjord Kraft som no arbeider med denne saka. Målet er å få på plass pengar til eit forprosjekt.

– Vi planlegg ein konferanse i Geiranger til hausten. Vi håper å kunne presentere eit forprosjekt der, og konkludere med at ei slik drenering er noko ein skal arbeide vidare med, legg Tryggestad til.

«Bølgen»

Konferansen er forresten tenkt arrangert rett før katastrofefilmen «Bølgen» har premiere.

Reint praktisk ser ein for seg at det blir laga tunnelar som kan føre vatnet inn på andre og meir ufarlege vegar.

– Slike vasstunnelar har jo kraftbransjen laga i mange tiår, så dette er ikkje ny teknologi. Men i dette høvet må vi tenke sikkerheit og konsekvensar. For dette må ikkje føre til ei forverring av situasjonen, strekar Stranda-ordføraren under.

Ideen om å drenere vatnet er heller ikkje ny. Det er fleire som har lansert ei slik løysing, både fagfolk og andre.

Eit forprosjekt vil koste fleire millionar kroner, medan sjølve dreneringa truleg vil kome opp i fleire hundre millionar. Men Tryggestad peikar på at kostnadene knytt til evakuering av 10.000 menneske og store skadar som følgje av ei flodbølgje vil vere langt større.

– Trur du ei slik drenering kan stabilisere fjellet?

– Eg håpar sjølvsagt det. Men det er altfor tidleg å konkludere med noko. Det er nettopp dette vi vil ha svar på gjennom eit forprosjekt, seier Tryggestad.

Tiltak

Sjefgeolog Lars Harald Blikra ved Åknes Tafjord Beredskap trur ei slik drenering kan vere det einaste realistiske tiltaket som kan stabilisere fjellet, men at det er eit stykke fram før ein veit om det kan gjennomførast.

– Vi må vere sikre på at ein ikkje gjer noko gale, seier han.

Les også: Staten tek Åkneset-rekninga