– Dette gav meirsmak. Du skal ikkje sjå vekk ifrå at eg kjem til å bli med fleire gonger. Kanskje får eg med meg nokre fleire ex-alpinistar hit, også, seier Bjarne etter å ha kome i mål i Stranda sentrum.

  • Video over: Sjå heile løypa filma frå hjelmkamera til Bjarne Solbakken over bildeserien

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Alperittet feira 20 år i år, men Bjarne har aldri delteke før, sjølv om rennet er i heimbygda hans. Det har nemleg aldri passa seg slik før.

Han er full av lovord om både løypa og arrangementet:

– Det er heilt utruleg kva dei har fått til her. Det er ikkje ofte du ser så mykje folk i Stranda sentrum som i dag. Eg er stolt over kva dei får til i heimkommunen min, seier han og ser ut over sentrumsgatene.

Eller tidlegare heimkommune, for i dag bur Bjarne i rekkehus på Fornebu og nøyer seg med å vere med på sju-åtte veteranrenn i året, for å halde alpinkunstane ved like.

I løpet av karrieren vann han eitt verdscuprenn – eit super-G-renn i Beaver Creek  2003. Han hadde i tillegg ytterlegare tre pallplasseringar: andreplass i utfor i Beaver Creek 2003, andreplass i super-G i Kvitfjell 2004 samt tredjeplass i storslalåm i Flachau i 2004. Han la opp etter 2008-sesongen. Da hadde han også delteke i to OL.

Bjarne Solbakken seier at han tok rennet på Stranda laurdag på alvor, og at han alltid prøver å vinne. Og det klarte han også.

I alt var det 215 deltakarar i årets utgåve av Alperittet. Dei konkurrerte i 26 ulike klasser. Resultata i dei ulike klassene finn du på alperittet sine heimesider (alperittet.com).

Sjølv om Solbakken vann si klasse, hadde han ikkje beste tid. Det hadde Torstein Lianes fra Stordal i klasse 16-29 år med tida 6.30.6.

Nest beste tid hadde Magnus Mork fra Stranda med 6.30.9. - også det i klassen 16-29 år. Solbakken blei klokka inn til 6.37.9.