– Turistane må kunne nyte den flotte naturen. Og det må sjå velpleid ut, seier Monja Mjelva, hotellvertinne på Hotel Union i Geiranger.

Inge Bjørdal, næringssjef i Stranda kommune, er heilt einig. Difor vert det no arbeidd med eit prosjekt for å utvikle sauehaldet i bygda.

Nedgang i aktive bruk

Det er sauene som skal sørgje for at Geiranger ikkje gror att.

– Talet på aktive bruk i bygda har gått kraftig ned dei siste åra, seier Bjørdal.

Han legg til at dei som framleis driv med sauehald har til dels gamle og umoderne driftsbygningar.

– Difor har vi lenge fundert på kva vi skal gjere for å få eit meir aktivt landbruk i Geiranger.

Fellesfjøs

Både Tine, Landbruk Nordvest, fylkeskommunen, verdsarvstiftinga og Stranda kommune har vore med på dette arbeidet, og no har dei ein plan:

– Vår idé er å byggje ein fellesfjøs med plass til ca. 400 dyr.

No skal dei rekne på prosjektet for å sjå om det er økonomisk forsvarleg å starte opp med noko slikt. Dei må også vurdere korleis det heile skal organiserast: – Kanskje kan fjøset vere eit aksjeselskap, og drifta eit sameige, seier Bjørdal.

Landbruksministaren informert

Men aller viktigast er det bygda sjølv vil vere med på dette prosjektet. Difor skal det haldast eit informasjonsmøte i Geiranger, og bøndene blir inviterte med på tur til Nordmøre for å sjå på fjøsbygningar.

– Det er jo viktig at det blir eit fint bygg i tre som passar inn i miljøet, legg næringssjefen til.

Les fleire nyheter frå Indre på smp.no

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) vart orientert om sauefjøsplanane då ho besøkte Stranda sist veke.

På den same turen fekk ho også vite at lokale bedrifter som Tind Spekevarer AS og Ole Ringdal AS svært gjerne vil ha meir sau og lam.

– Vi har allereie vore i kontakt med desse to, og begge seier at dei treng fleire dyr. Dei har også signalisert at det kan vere aktuelt for dei å vere med på å finansiere ein slik fellesfjøs, under føresetnad at dei får leveransane, seier Bjørdal.

Hotell-støtte

Bjørdal meiner det hastar med å få på plass ei satsing på sau:

– Viss vi ikkje får til noko no, er eg redd kampen er tapt. Det er no eller aldri, meiner Bjørdal.

Monja Mjelva på Hotel Union håper også at det går i orden: – Det er svært viktig for reiselivet at dei lukkast, seier ho.

<strong>BEITEMARK:</strong> Sauene har ein viktig jobb å gjere i turistbygda Geiranger. ARKIVFOTO: KNUT ARNE AARSET