Alt av flammar er sløkt, men i 10-tida rauk det framleis godt frå staden.

Politiet gjentok ved 10.30-tida oppmodinga om at bebuarar i sunnmørsbygda burde halde seg inne og lukke vindauga. Samstundes opplyste politiet på twitter at dei ville vurdere vindretninga, og om det var naudsynt å evakuere bebuarar.

Rett før klokka 11 kom politiet med ei oppdatert melding om at evakuering ikkje er naudsynt, og at røyken som kom på det tidspunktet var utbetydeleg.

– Politiet nyttar høvet til å rose brannvesenet i Sykkylven for rask utrykning og effektivt arbeid på staden, skriv vakthavande operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

På avfallsplassen grev dei i avfallet for å redusere faren for ny antenning, opplyste politiet tidleg onsdag ettermiddag.

Brannvesenet vil søke med varmesøkande kamera. Politiet fylgjer situasjonen med tanke på om det kan oppstå ei endring av vindretninga slik at brannen blussar opp att.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Fotograf Robert Kvam, som var på staden, fortalde at det var heilt vindstille i området.

– Det var synleg opne flammar på god avstand tidlegare i føremiddag, seier eit vitne i området til Smp.no.

Første melding om brann på Jarnes i Sykkylven gjekk ut frå 110-sentralen like før klokka 09.30 onsdag føremiddag.

Like etter sende politiet ut melding om at bebuarar i området som merka røyk skulle late att vindauge og halde seg innandørs.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Årsaka til at det starta å brenne var ikke fastslått onsdag føremiddag.

Ein av dei som jobbar ved mottaket har antyda at brannårsaka kan vere ein elektrisk feil på ein port, fortel Robert Kvam på staden.

Brann i miljøavfall på Jarnes i Sykkylven onsdag føremiddag. Foto: Robert Kvam