Brannen ved avfallsanlegget i Sykkylven er søndag kveld heilt sløkt. I natt vil bedrifta gå brannvakter for å hindre ein ny brann i å utvikle seg.

– Brannvesenet har avslutta på staden, og eigaren har fått ansvaret. Brannen er heilt sløk og det kjem ikkje røyk frå staden, seier vaktoperatør Arnfinn Klausen ved 110-sentralen for Møre og Romsdal til smp.no.

Vert etterforska

Det er lagt ut slanger og utstyr i beredskap, og det lokale brannkorpset er på tå hev.

Etter det smp.no forstår, har det brunne i sortert og usortert avfall, i tillegg til eit lagerlokale på området til Miljøkvalitet.

Les også: Slit med å få sløktKnusende rapport: Lagret for mye avfall uforsvarligLes også: Kraftig brann på avfallsmottak

Politiet har oppretta sak og vil etterforske det som var det andre brannen ved anlegget på få dagar. Det er venta at politiet vil undersøke branntomta, så snart det er praktisk muleg.

To brannar

Onsdag formiddag oppstod første brann i selskapets mottak for næringsavfall. Røyken var synlig på god avstand, og alle som bodde i området ble bedt om å lukke vinduer og holde seg innendørs. Brannårsaken er foreløpig ikke kjent.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Natt til fredag, klokka 02.30, meldte Møre og Romsdal 110-sentral om en ny brann i samme avfallsmottak. I heile helga har brannmannskap vore på plass for å sløkke brannen heilt.

I heile helga har brannfolk vore på staden for å sikre seg at brannen ved anlegget ikkje blussar opp att igjen. Foto: Robert Kvam