Politiet fekk tysdag melding om at det var gjort innbrot ved ein bustad i Stordal i løpet av dei siste dagane.

Gjerningspersonane har brote opp eit vindauge på staden, og teke seg inn ved bustaden på Ekrene. Det var tysdag ettermiddag uklart kva som var stole. Saka vert etterforska av lensmannkontoret i Ørskog.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no