Siste: Den av dei to som vart frakta til sjukehus - ein mann i 50-åra, er lettare skadd og tilstanden stabil, melder Helse og Møre og Romsdal i ei pressemelding klokka 13.30.

Naudetatane rykka ut til ein kollisjon med to bilar involvert, på fylkesveg 60 på Straumgjerde i Sykkylven, måndag føremiddag.

– To personar er frakta til lege - ein til legevakt, ein til Ålesund sjukehus, seier operasjonsleiar Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt til smp.no klokka 13. Ifølgje politiet skal det dreie seg om lettare personskadar.

Det danna seg køar på begge sider av ulykkesstaden, men politiet var raskt på staden og har drive dirigering av trafikken.

– Bilberging er på veg, sa operasjonsleiaren til Smp.no klokka 12.05.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 11.27.