Kan ein bruke tomme fabrikklokale i Stordal til å dyrke grønsaker i vatn frå settefiskanlegg?

Det skal studentbedrifta Lotics SB saman med Vekst i Stordal no undersøke. Dyrkingsmetoden kallast aquaponics.

– Ideen går ut på å pumpe vatn frå eit settefiskanlegg over i store kar for dyrking av grønsaker, fortel Vibeke Evensen, dagleg leiar i Lotics, i ei pressemelding.

Avfallsstoffa frå fisken inneheld næringsstoff som vil fungere som gjødsel for plantene.

Dyrkingsmetoden blir brukt andre stader i verda, men i svært liten grad i Norge.

– Dette er ei stor sak for begge partar, så vi skal ta det skrittvis. I første omgang skal vi greie ut korleis eit pilotprosjekt best mogleg kan gjennomførast, seier Harald Espeland, prosjektleiar i Vekst i Stordal.