Sunnmørsposten var med då dykkarane Remi Stridh, Morten Stridh og Marius Remøy i fjor henta opp att det 88 år gamle ankeret. Dei hadde leita etter det i fleire år, utan å finne det.

Men i fjor fann dei endeleg ankeret, det låg på 30 meters djup, 200 meter frå land.

Med hjelp frå båtførar Stian Peter Merok og gravemaskinførar Svein-Inge Westerås fekk dei ankeret på land.

Operasjonen var spesiell for brørne Stridh, som har sigla med fullriggaren. Og dei var ikkje dei einaste som var glade:

– Dette er kjempeflott å høyre. Vi hadde faktisk avskrive dette ankeret, sa driftsdirektør Karl Danielsen i stiftinga «Fullriggeren Sørlandet» då vi ringde og fortalde om at ankeret er oppe.

Geiranger er ei av fleire gjestehamner under Tall Ships Race i juli.