– Det var mykje røyk, og denne vart opplevd som plagsam. Det er fleire som har klaga, opplyser vakthavande operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt.

Det store bålet bestod av greiner og kvist. Dei som brende bålet sa at dei hadde innhenta dispensasjon frå brannsjefen i Norddal, seier Ødegård til Smp.no.

Kjell Arne Valdal i Valldal Idrettslag fortel at dei har rydda skog der det skal byggjast kultur- og idrettshus.

– Dette huset er noko vi har venta på i 30 år, seier Valdal.

Norddal Kommune er einaste kommune utan idrett- og kulturbygg. Valdal fortel at mange er no glade for at dette endeleg er bestemt, og organisasjonar, korps og idrettslag er klare for dugnad.

Det er fotballaget Old Boys som er først ute og som dei to siste vekene har fjerna alt av tre for å få plass for nybygg.

– Laurdag 18. april var det stor aktivitet med å rydde kvistar og tømmer og brenne det, forklarar dugnadsfolket.