– Det er ikkje ein einaste etat eller institusjon i Sykkylven kommune som er i nærleiken av å ha så omfattande og graverande avvik på minimumskrava i HMS-lovgivinga som det Sykkylven brann- og redningskorps har.

Det hevdar eit arbeidsutval i brannvesenet som har fått i mandat å arbeide for å få på plass ein ny brannstasjon. Dei tre er Arild Sporsheim, Geir Brekke og Petter Arne Sørgård.

Uromeldinga har dei sendt til nærings- og utviklingsutvalet i Sykkylven kommune.

Elendet

Her ramsar dei opp elendet:

  • Stasjonen er 60 år.

  • Det er gjennomført minimalt med vedlikehald.

  • Stasjonen har HMS-avvik på meir eller mindre alle punkt.

  • Garasjeporten er så smal at brannbilen må legge inn speglane for å kome inn og ut.

  • Ein god del utstyr er lagra andre stader, fordi det ikkje er plass på stasjonen.

  • Det er ikkje dusj- og garderobefasilitetar.

  • Det er ikkje ventilasjonsanlegg og eksosavtrekk.

  • Tilhøva for av- og påkledning er så dårlege at mannskapsbilen må køyrast ut av stasjonen for å gje plass til mannskapa.

  • Det finst ingen skilnad på rein og skitten sone. Med nyare forsking på kreftfaren ved tilsmussa brannvernsklede er dette i strid med HMS-krava.

– Vi har respekt for at kommunen har tronge økonomiske rammer, men meiner like fullt at behovet for ein ny brannstasjon er av ein slik karakter at det ikkje er rom for å utsette realiseringa av dette, skriv dei tre.

Forstår

Ordførar Petter Lyshol (H) har ikkje lese brevet enno, men seier i ein kommentar til Sunnmørsposten at han ikkje har problem med å forstå brannfolka sin frustrasjon:

– Det har i mange år vore politisk vilje til å byggje ny brannstasjon. Vi har berre ikkje funne pengar til det, seier Lyshol.Han er heilt einig med brannfolka i at stasjonen for lengst har gått ut på dato. Sykkylven brann- og redningskorps har eit mannskap på 38, og har i snitt dei fem siste åra hatt 62 utrykkingar.