Det har vore ein kollisjon mellom ein bil og ein moped i Sykkylven torsdag morgon. Mopedføraren - ein mann i starten av 20-åra - er teken hand om av ambulansepersonell og vert brakt til sjukehus for sjekk med uavklarte skader, ifølgje politiet.

Skadene skal ikkje vere alvorlege og mannen var ved medvit etter kollisjonen. Meldinga om ulukka på fylkesveg 60, kom inn til politiet klokka 06.18.

– Kollisjonen har skjedd i eit kryss rett ved ferjekaia på Aursneset. Her har bilen komen frå eit bustadfelt. Bilføraren overheldt ikkje vikeplikta, seier operasjonsleiar Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt.

Sjåføren fekk difor førarkortet beslaglagt.

Ulukka skal ikkje ha skapt trafikale problem på staden.