Fredag hevar NVE flaumfaren til oransje nivå, etter at dei heva til gult nivå dagen før.

- Det har vore mykje snøsmelting og betydeleg auke i vassføringa siste døgn i vassdrag som drenerer høgfjellsområde. Det vil framleis vere varmt vêr også høgt til fjells, og det er venta ytterlegare vassføringsauke på grunn av snøsmelting, opplyser NVE fredag.

Varselet er sendt ut for Norddal, Stranda, Stryn og Rauma, og gjeld til og med søndag.

På resten av Nordvestlandet er det generelt trygge forhold, opplyser NVE.