Og vi fekk stadfesta at det er med menneske som med bilar; vanlegvis er 23-åringar  raskare  enn dei som har passert 40.

Nedregård hakk i hæl

Det var neppe strofa nedanfor Lyntrioen i tet nynna på inn på oppløpet på Hellesylt stadion laurdag – med Kristian Nedregård hakk i hæl:

«Sommaren er komen og graset er grønt

Løvetanna blomstrar og livet er skjønt.

Du kan ikkje berre stå der og glo,

For no skal vi spela ligge, ligge, lo…»

Sunnmøring holdt ikkje følge

I alle fall: Med 200 meter att svinga Lyngutane inn på stadion. No skulle dramaet avgjerast. Tilskodarane stønna av fryd og spenning. Eit skikkeleg magadrag, litt ekstra naseblåsing, vrenge augo og gisping etter luft. Turboen kunne koplast inn.  Så sprang dei frå fjorsårsvinnaren, sunnmøringen Kristian Nedregård - på 41 år, må vite.

Henrik Bakke, Lyn Ski, sette herrerekord (21.15), Kjersti Fresvik, IL Gular; damerekord (24.12) og det vart ny deltakarrekord. Les meir i papirutgåva måndag.