NVE sitt flaumvarsel for måndag er det same som det var i helga: Faregrad 3, eller organge, for Stranda, Norddal, Stryn og Rauma.

– Valldøla og sideelvar var stor på fredag, den har gått ned igjen. Både den og Myklebustelva reknar eg med går opp igjen, seier ingeniør Yngve Hovden i Norddal kommune.

Han fortel at dei gjorde ein grundig sjekk også før helga.

– Vi har sjekka stikkrenner og alt muleg. No må vi berre ta det som det kjem, seier Hovden måndag føremiddag.

– Det er ei bru over Valldøla som kan bli aktuelt å stenge, ved Myklebust, dette er ei mindre bru og ein kommunal veg, fortel han.

Også i Stranda følgjer kommunen med på elvane.

– Vi har folk ute som følgjer med, og passar på at vasspostane er opne. Det har akkurat begynt å regne her, seier Eli Brunstad Høydal i Stranda kommune klokka 11.30.

– Det var flaum i Stryneelva søndag. Det vil bli kjølegare, og derfor vil flaumfaren minke. Dei mest utsette stadane er der elva drenerer fjellområde, seier Per Glad, presseansvarleg i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Oppdatering: Klokka 15.10 melder Statens vegvesen om ras over fylkesvegen i Eikesdalen i Nesset i Romsdal.