Rundt klokka 23.10 melde politiet at det var brann i eit bustadhus i Sykkylven.

– Ingen personar skal vere i huset, opplyste politiet.

Ifølgje 110-sentralen var det huseigar som varsla om dette.

Ikkje fare for spreiing

Politiet opplyste om at det ikkje var fare for at branne skulle spreie seg. Bebuarane vart sjekka av helsepersonell, og helsetilstanden skal vere ok.

I 23.30-tida dreiv brannkorpset med slukking på staden, og det arbeidet pågjekk ei stund.

– Rundt klokka 02.00 fekk 110-sentralen melding om at ettersløkking var på gang, opplyser operatøren til smp.no.

Brannkorpset er ferdig på staden onsdag morgon når smp.no tek kontakt.

– Også politiet er ferdig, opplyser operasjonsleiar Tor Andre Franck ved Sunnmøre politidistrikt.

Sykkylven lensmannskontor skal undersøke kva som har skjedd.

– Det er for tidleg å seie kva som er årsaka til brannen, seier Lone Trones ved lensmannskontoret til smp.no.

Bustadhus overtent

Huset var fullstendig overtent, melde vitne på staden til Sunnmørsposten rundt klokka 23.15.

Både politi, ambulanse og helsepersonell var då på staden. Gnistregnet stod ved hovudtilførselen til huset, og brannkorpset skumma.

Klokka 23.15 verka det ikkje som brannkorpset hadde kontroll på brannen, meinte vitnet.

– Det meldast om overtenning i huset, skreiv politiet like etter.