Kor mange grader skal det vere i vatnet før du kastar deg i sjøen? Bruk kommentarfeltet!

Hjørundfjorden ligg spegelblank, med sandstranda på Sæbø som ein innbydande plass for badeliv. Men Ella Kanutte som til hausten fyller sju år, er einaste badegjest.

Båt i fjor

Ella Kanutte var med pappa Per Kjetil Våtmyr på service med bilen i Ørsta. Der fekk dei låne ein bil og tok ein tur til Sæbø for å få tida til å gå.

Med sol på himmelen meinte Ella Kanutte at det ville vere fint å bade, og dei gjekk til innkjøp av handkle og boksershorts.

Dei visste om badestranda frå før, sidan dei var på Sæbø med båt i fjor sommar. Som kjent var sommaren i fjor av ein heilt annan type enn i år.

Ferie på Sunnmøre

I fjor ferierte familien fire veker i USA. I år bruker dei heile ferien på Sunnmøre.

Heime i Tusvika har dei bada frå brygga, og dei har vore fleire gonger i utandørsbassenget på Ikornnes sjølv om vêret ikkje har vore heilt topp.

Lovande tysdag

Måndagen starta så bra, med sol og sommarvêr, men utover dagen skya det gradvis til. Temperaturen i lufta var 13 til 15 grader.

Men kan meteorologen melde litt skikkeleg finvêr på tampen av sommaren?

– Det ser ikkje sånn veldig opplyftande ut, seier meteorolog Marit Berger ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Tysdagen bli likevel ikkje så aller verst, med skya og delvis skya opphaldsvêr og litt høgare temperatur - truleg ein 18 til 20 grader. I indre strøk kan det kome nedbør til kvelden.

Onsdag og torsdag er det venta litt nedbør, men ikkje så aller verst temperatur. I helga må ein rekne med at temperaturen vil falle noko.

– Lågtrykksaktiviteten dominerer vêrbildet, og då blir det periodar med regn og sol innimellom, seier Berger.

Kor mange grader skal det vere i vatnet før du kastar deg i sjøen? Bruk kommentarfeltet!